Tips til finansiering og budsjett

Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal starte for å finansiere eit prosjekt. Sidan vi sjeldan fullfinansierer, oppmodar vi til å søkje fleire om støtte. Her er ei oversikt over kven andre de kan søkje midlar hos, og korleis ein kan setje opp eit enkelt budsjett.

Det treng ikkje vere veldig detaljert, men det må kome tydeleg fram korleis pengane skal brukast. Tenk på det som ei enkel oversikt som viser kva du treng og korleis du skal få det til.

1. Kartlegg både utgifter og inntekter

Set opp eit budsjett som viser kva prosjektet kostar, og korleis de skal dekkje kostnadene. Begge delar skal vere med i søknaden. På inntektssida fører du opp kva laget sjølv bidreg med, kva du har søkt eller fått frå andre, og kva du søkjer om frå oss. Inntektene og utgiftene skal gå i balanse.

2. Vis kva pengane skal gå til

Det treng ikkje vere veldig detaljert, men det må kome tydeleg fram korleis pengane skal brukast.

3. Søk breitt

Ikkje sats alt på ein finansieringskjelde. Sjå gjennom lista nedanfor over andre å søke. Du kan søkje fleire stader samstundes. Det er heilt normalt, og blir sett på som positivt. Start med den kjelda som verkar mest aktuell for akkurat dykkar prosjekt, til dømes kommunen, oss, eller ein annan lokal aktør. Eitt positiv tilslag gjer det lettare å få fleire.

4. Bruk det første tilslaget aktivt

Dersom du har søkt andre om støtte, nemn det i søknaden – skriv om de har fått støtte eller har søkt støtte. Det styrkjer truverdet til prosjektet, og syner at det alt har oppslutning.

5. Ikkje gløym eigeninnsats og dugnad

Dugnadstimar og eigne ressursar tel som ein del av finansieringa. Det gjer prosjektet meir robust, og syner engasjement frå laget sjølv. Legg til grunn 300 kroner per dugnadstime per person. 

 

Slik set du opp eit enkelt budsjett

Eit tydeleg budsjett gjer søknaden lettare å vurdere og syner at de har tenkt gjennom prosjektet. Det er positivt når vi skal vurdere sknaden. I eit budsjett må du vise både kostnadar/utgifter og finansiering/inntekter.

Kostnadssida (utgifter) bør vise:

  • Alle utgifter, store og små (materiell, utstyr, leige, honorar)
  • Verdien av eigeninnsats og dugnadstimar (300 kroner per dugnadstime per person).
  • Eventuelle uforutsette kostnader (buffer)

Finansieringssida (inntekter) bør vise:

  • Eigne midlar laget skyt inn
  • Eventuelt lån
  • Beløp de søkjer om frå oss
  • Beløp de har fått, eller søkt om, frå Sparebankstiftinga og andre kjelder
  • Verdien av dugnadsinnsats, oppgitt i kroner 300 per time.

Kostnadssida og finansieringssida skal gå i null. Dersom det er eit gap, bør de vise korleis de planlegg å dekkje det, til dømes med fleire søknader eller eigeninnsats.

Last ned vår mal til finansieringsplan. 

Kvifor fullfinansierer vi sjeldan?

Vi ønskjer at midlane våre skal rekke til flest mogleg gode prosjekt på Søre Sunnmøre. Når fleire finansieringskjelder går saman om eit prosjekt, strekk pengane lengre, og fleire lag og foreiningar får høve til å realisere ideane sine.

I tillegg forventar vi at de bidreg med dugnadsinnsats. Vi ønskjer å styrke dugnadsånda, ikkje erstatte ho. Når laget sjølv legg ned timar og ressursar i eit prosjekt, blir det ofte betre forankra og meir verdsett i lokalmiljøet. Full finansiering utanfrå kan i verste fall svekkje dette engasjementet. De som søkjer kan legge til grunn 300 kroner per dugnadstime per person.

Eit prosjekt med fleire bidragsytarar viser òg at ideen har oppslutning. Det gjer søknaden sterkare, både hos oss og hos andre vi samarbeider med.

Vi ser det som eit gode, ikkje ei hindring, at de søkjer fleire stader og bidreg sjølve. Det gjer prosjektet meir robust, og det held oppe den dugnadstradisjonen som har bygd opp lokalsamfunna på Søre Sunnmøre gjennom generasjonar.

Andre finansieringskjelder

I tillegg til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre finst det fleire andre stader lag og foreiningar kan søkje om støtte. Her er eit utval.

Stiftingar og fond

Få oversikt: Stiftelsesregisteret viser oversikt over stiftingar.

Offentlege tilskotsordningar

  • Kulturdirektoratet
    Statlege tilskot til kunst- og kulturprosjekt.
  • Bufdir
    Tilskotsordningar retta mot barn, unge og inkludering.
  • Frifond (via LNU og Norsk musikkråd)
    Støttar lokal aktivitet for barn og unge i frivillige organisasjonar.
  • Spelemidlar til idrettsanlegg 
    Statleg støtte til bygging og oppgradering av idretts- og nærmiljøanlegg. Blir prioritert av kommunen og fordelt av fylkeskommunen.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
    Regionale tilskotsordningar innan kultur, idrett, kulturminne og næring.

Idrettsforbundet – Møre og Romsdal Idrettskrets
Grønt lys for idretten – Søknad om støtte til LED-lys på eksisterande anlegg

Kommunane på Søre Sunnmøre

Alle kommunane har eigne kulturmidlar og tilskotsordningar for lag og foreiningar:

Næringsliv og bank

Lokale bankar og bedrifter kan gi sponsormidlar, særleg mot profilering. Dette er noko anna enn gåve, men kan gjerne kombinerast som ein del av finansieringsplanen.

5 tips til ein god søknad

Tips til søknaden

Du har fått støtte - kva skjer no?

Få oversikt

Ofte stilte spørsmål

Alle lag og foreiningar som:

  • har eige organisasjonsnummer
  • har eit ideelt føremål og driv allmennyttig aktivitet
  • har aktivitet på Søre Sunnmøre

Lag, foreiningar og frivillige organisasjonar på Søre Sunnmøre kan søkje om støtte til allmennyttige tiltak og prosjekt. Søre Sunnmøre er definert som Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven.

Søknadssystemet er knytt til Brønnøysundregistera. Organisasjonen må derfor ha eige organisasjonsnummer for å kunne sende inn søknad. Kontonummer må være knytt til organisasjonsnummeret. Dersom organisasjonen ikkje er registrert, kan du gjere det på Brønnøysundregistrene sin nettstad.

Ved utdelingar tek stiftinga først og fremst omsyn til det distriktet som bygde opp kapitalen til tidlegare SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Høyrer din organisasjon til i eit annet geografisk område, men prosjektet skal gjennomførast på Søre Sunnmøre, anbefaler vi at de tek kontakt med stiftinga for å drøfte prosjektet. 

  • Breiddegåve er for mindre aktivitet, ofte driftsretta behov med enkel og rask søknad. Normalt mellom 5 000–50 000 kroner. Har ikkje søknadsfrist og vurderast fortløpande.
  • Prosjektgåve er for større, meir avgrensa prosjekt med klar tidsramme og krev meir grundig søknad og vurdering. Frå 50 000 kroner og oppover. Søknadsfrist 15. mars og 15. september. 

Prosjektgåver er større bidrag som går til utvikling, investering eller etablering av nye tilbod, og ikkje til ordinær drift. Prosjektet skal ha ein klar plan for gjennomføring og skape varig verdi for målgruppa eller lokalsamfunnet. Typiske døme på prosjektgåver kan vere:

  • Oppgradering eller bygging av anlegg og møteplassar
  • Etablering av nye aktivitetstilbod for barn og unge
  • Investering i større utstyr eller infrastruktur
  • Utviklingsprosjekt innan kultur, idrett, frivillig arbeid eller nærmiljø

Breiddegåver er økonomisk støtte til lag og foreiningar som driv allmennyttig verksemd. Målet er å styrkje frivillig aktivitet, lokal deltaking og engasjerte lokalsamfunn. Midlane kan nyttast til dagleg drift, vedlikehald av utstyr, leige av lokale, innkjøp av nødvendig utstyr og andre kostnader som sikrar aktivitet. Det kan òg gå til støtte til arrangement, kulturtiltak samt miljø- og helsefremjande aktivitetar. Det kan tildelast maksimalt kr 50 000 per lag eller foreining per år.

Forklar kvifor prosjektet er viktig, kven det vil kome til gode, og kva verdi det skaper for lokalsamfunnet. Jo tydelegare de klarer å beskrive samfunnsnytta og resultata av prosjektet, desto betre grunnlag får vi for å vurdere søknaden. I vurderinga av søknader legg vi særleg vekt på følgjande:

  • At tiltaket eller prosjektet har langsiktig verdi og skaper varige resultat.
  • At prosjektet kjem mange til gode og har tydeleg allmennytte.
  • At prosjektet skaper engasjement, trivsel og gode opplevingar.
  • At tiltaket stimulerer til aktivitet og deltaking.
  • At prosjektet er tufta på frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt engasjement.
  • At prosjektet utløyser anna finansiering og bidrag frå fleire aktørar.
  • At tildelinga kan bidra til å realisere nye initiativ som styrkjer lokalsamfunnet, når breitt ut og har verdi over tid.
  • At prosjektet har ein realistisk plan for gjennomføring og finansiering.

Sparebankstiftinga vil berre unntaksvis fullfinansiere prosjekt. Vi oppmodar derfor til samarbeid, spleiselag og bruk av fleire finansieringskjelder. Finansieringsplan skal spesifiserast i søknaden.

Prøv rettleiaren vår

Prøv vår quiz for å sjekke om du kan søkje om støtte!

Start rettleiaren