Spons er ein handel, gåve er noko anna
Spons er ei betaling mot ei gjenyting. I dei fleste tilfelle handlar gjenytinga om profilering. Bedrifta betalar, og til gjengjeld får han logoen sin på drakter, banner eller arenaer.
Gåva går éin veg. Mottakaren og lokalsamfunnet får nytte av midlane, utan at stiftinga krev noko attende. Vi ber ikkje om logoplassering, reklame eller andre fordelar. Det einaste vi ønsker å oppnå, er å realisere det allmennyttige formålet vårt: å bidra til utvikling og engasjement på Søre Sunnmøre.
Difor gir vi gåver
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er ei allmennyttig stifting. Formålet vårt er å forvalte verdiar som er bygde opp gjennom generasjonar gjennom overskotet til banken, og føre dei tilbake til lokalsamfunnet.
Når vi støttar eit lag eller eit prosjekt, gjer vi det fordi tiltaket har verdi for mange. Vi vil vere ein pådrivar for utvikling utan å blande oss inn i korleis midlane blir brukte utover det som kjem fram i søknaden.
Kva forventar vi tilbake?
Først og fremst ber vi om at midlane blir brukte slik de har skildra i søknaden, og at de rapporterer i tråd med gåvebrevet.
Vi ønskjer at midlane blir omtalt at stammar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Ønsker de å profilere oss, takke oss eller invitere oss, er de velkomne til dette.