Breiddegåver er økonomisk støtte til lag og foreiningar som driv med allmennyttig verksemd. Målet er å styrkje frivillig aktivitet, lokal deltaking og drift av organisasjonar som bidreg til engasjerte lokalsamfunn.
Gåvene er typisk på mellom kr 5 000 og kr 50 000, og kan brukast til:
- Drift av laget eller foreininga
- Mindre tiltak og aktivitetar
- Utstyr, kurs eller arrangement
- Generell støtte til frivillig innsats
Vi gir breddegåve på maksimalt 50 000 kroner per lag per år. Tildeling skjer gjennom ein open søknadsprosess, og det er styret i stiftinga som fastset kriterium og rammer kvart år. Svarfrist er ca 3 veker.
Kven kan søkje?
Alle lag og foreiningar som:
- Har eit organisasjonsnummer
- Har ideelt føremål og driv allmennyttig aktivitet
- Har aktivitet på Søre Sunnmøre
Søknader skal sendast elektronisk via vår søknadsportal og det er løpande søknadsfrist. Du treng ikkje sende inn meir dokumentasjon enn det som kjem fram i søknadsportalen.
Større prosjekt
For større prosjekt kan lag og foreiningar søkje om prosjektgåve frå Sparebankstiftinga til område Søre Sunnmøre.
Prosjektgåve (over 30 000 kroner)
Prosjektgåver har søknadsfrist to gongar i året, 15. september og 15. mars. Behandlingstid er 6–8 veker. Styret vedtek kven som får støtte.
Du kan søkje om støtte til tiltak og prosjekt innanfor følgande formål:
- Idrett og friluftsliv
- Kultur
- Samfunn og sosialt arbeid
- Klima/nærmiljø
- Kompetanse
- Folkehelse
Prosjekt retta mot barn og unge vil bli prioritert.
Gåvene skal ikkje erstatte dugnad, men utløyse engasjement. Stiftinga vil berre unntaksvis fullfinansiere prosjekt. Vi oppfordrar difor til spleiselag, samarbeid og alternative finansieringskjelder. Det er berre positivt om de får støtte frå fleire.
Vi bidreg til betre folkehelse gjennom støtte til breiddeidrett, leik, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Vi støttar tiltak som bidreg til eit levande, inkluderande og mangfaldig kulturliv.
Vi støttar frivillig arbeid, inkludering og tiltak som gir born og unge moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar uavhengig av familieøkonomi.
Vi oppmodar søkjarar til å ta omsyn til berekraft i planlegging og gjennomføring av prosjekt. Vi støttar tiltak som styrkjer nærmiljøet og kjem mange til gode.
Vi støttar tiltak som fremjar entreprenørskap, skaparglede, læring og kunnskapsdeling, særleg blant born og unge.
Vi støttar prosjekt som fremjar helse, meistring og inkludering, og tiltak som legg til rette for deltaking for personar med særlege behov.