Du har fått støtte - kva skjer no?

Gratulerer med tildelinga! Her får du oversikt over dei neste stega, frå gåvebrev til utbetaling og rapportering.

Gåvebrevet ditt

Når søknaden er innvilga, får de eit gåvebrev som stadfestar tildelinga. Brevet blir sendt til e-postadressa som er registrert på brukarprofilen din i Søknadsportalen (lenke).
Sjekk at kontaktinformasjonen er riktig. Det gjer du på «Min side» i søknadsportalen.

Finn tildelt beløp

Tildelt beløp finn du også i søknadsportalen, under «Min side». Vel «Åpne» på den aktuelle søknaden. Beløpet dukkar opp til høgre i biletet.

Slik får de utbetalt pengane

For å få utbetalt støtta må de fylle ut skjemaet «Utbetalingsanmodning» i søknadsportalen. Det kan ta inntil tre veker frå de sender inn skjemaet til utbetalinga kjem.

Slik gjer du det:

  1. Gå til «Dine søknader» i søknadsportalen.
  2. Vel den aktuelle søknaden.
  3. Klikk på «Rapporter» og deretter «Be om utbetaling».
  4. Svar på spørsmåla og legg ved relevant dokumentasjon.

Kontonummer: Søkjarorganisasjonen må vere eigar av kontoen pengane skal betalast ut til.

Legg ved detaljerte fakturar: Fakturane du legg ved må innehalde kva som faktisk er kjøpt eller betalt.

Merking av utbetalinga: Treng de spesiell merking for at pengane skal kome fram til rett stad internt hos dykk? Avtal dette på førehand, og skriv gjerne i utbetalingsanmodninga kven eller kva pengane er knytte til.

Utsetting av gåve: Gåvetilsegna er gyldig i inntil 2 år frå tildelingsdato. Det betyr at stiftinga må få tilsendt dokumentasjon og krav om utbetaling innan denne fristen. Dersom fristen ikkje blir overhalden, fell gåvetilsegna bort. Om utbetalinga treng utsetting, må du ta kontakt med oss for å høyre om moglegheitene før fristen går ut.

Rapportering

Alle som får prosjektgåve eller avtalebasert gåve, må sende inn ein sluttrapport, eller ein delrapport dersom prosjektet går over fleire år. Rapporten stadfestar at midlane er brukte slik de har skildra i søknaden. Dei som får breiddegåve treng ikkje levere rapport.

Fleirårige prosjekt: De får ein e-post når det er tid for å fylle ut statusrapport (delrapport). Skjemaet finn de då på «Dine sider» og «Rapporter» i søknadsportalen.

Sluttrapport: De får ein e-post på sluttdatoen de har sett for prosjektet. Då finn de skjemaet på «Mi side» og «Rapporter». Klikk på den aktuelle søknaden, og sluttrapporten ligg til høgre.
Fristen for å levere sluttrapporten er to månader. Merk at sluttrapporten ikkje skal sendast inn før prosjektet er ferdigstilt. 

Følg og tagg oss

Få med deg søknadsfristar, utdelingar og historier frå prosjekta vi støttar, og tagg oss gjerne i sosiale medium.

Facebook Instagram LinkedIn

5 tips til ein god søknad

Tips til søknaden