5 tips til ein god søknad

Skal de søkje om støtte hos oss? Her er fem tips som styrkjer søknaden og aukar sjansen for å få tildeling.

I søknadsportalen stiller vi alle spørsmåla du treng å fylle ut, men det kan likevel vere greitt å førebu seg godt og vite kva vi spør om og ser etter når vi skal vurdere søknadane. Her er nokre tips. 

1. Set deg inn i kriteria og start i god tid

Før de skriv, bør de sjekke at prosjektet passar inn under det vi støttar. Sjekk òg kva og kven vi ikkje gir støtte til. Vi støttar til dømes ikkje aksjeselskap der eigar kan ta utbytte, og vi støttar ikkje vanleg drift som løn, husleige eller straum.

Prosjektgåve har søknadsfrist 15. september og 15. mars. Breiddegåve kan de søkje om løpande. Bruk tida godt, og set av nok tid til å førebu ein god søknad før fristen.
- Sjå kva vi støttar

2. Fortel kven de er og kvifor prosjektet betyr noko

Skriv kort om kven laget/organisasjonen er/kven de er til for. Fortel kvifor akkurat dette prosjektet betyr noko for lokalmiljøet, og kven som vil ha glede av det. 

3. Kom raskt til poenget

Gi prosjektet ein kort og presis tittel. Skriv konkret, og fortel det viktigaste først. Forklar kvifor prosjektet er ein god idé, kva nytte det gir, og om liknande tiltak finst frå før. Samarbeid med andre lag eller aktørar styrkar søknaden.

4. Lag ein realistisk finansieringsplan

Dette er eit av dei viktigaste punkta. Vi fullfinansierer berre unntaksvis, så de bør tenkje finansiering breitt frå start. Vis kva prosjektet kostar totalt, kor mykje de søkjer om frå oss, og kva de eventuelt har søkt eller fått frå andre støttespelarar. Legg også til kostnadar for dugnad, 300 kroner per time per person.

Ein søknad med spleiselag og fleire finansieringskjelder står sterkare enn ein søknad som ber om full finansiering frå éin aktør. Legg òg ved ein plan for korleis og når prosjektet skal gjennomførast, og korleis det skal haldast i gang etterpå.

Er prosjektet stort, kan det vere lurt å dele det i fasar, til dømes skisse, forprosjekt og gjennomføring. Det reduserer risiko og kan heve kvaliteten på gjennomføringa. Beskriv dette i søknaden. 

Les våre tips om finansiering og budsjett

5. Bruk bilde og film

Legg gjerne ved bilde eller video som viser prosjektet på ein god måte. Bruk berre ekte bilde og film av faktiske menneske og aktivitetar. Materialet kan bli brukt i kanalane våre for å vise fram prosjekta vi støttar, så hugs å innhente samtykke frå dei som er avbilda.

Ofte stilte spørsmål

Alle lag og foreiningar som:

  • har eige organisasjonsnummer
  • har eit ideelt føremål og driv allmennyttig aktivitet
  • har aktivitet på Søre Sunnmøre

Lag, foreiningar og frivillige organisasjonar på Søre Sunnmøre kan søkje om støtte til allmennyttige tiltak og prosjekt. Søre Sunnmøre er definert som Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven.

Søknadssystemet er knytt til Brønnøysundregistera. Organisasjonen må derfor ha eige organisasjonsnummer for å kunne sende inn søknad. Kontonummer må være knytt til organisasjonsnummeret. Dersom organisasjonen ikkje er registrert, kan du gjere det på Brønnøysundregistrene sin nettstad.

Ved utdelingar tek stiftinga først og fremst omsyn til det distriktet som bygde opp kapitalen til tidlegare SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Høyrer din organisasjon til i eit annet geografisk område, men prosjektet skal gjennomførast på Søre Sunnmøre, anbefaler vi at de tek kontakt med stiftinga for å drøfte prosjektet. 

  • Breiddegåve er for mindre aktivitet, ofte driftsretta behov med enkel og rask søknad. Normalt mellom 5 000–50 000 kroner. Har ikkje søknadsfrist og vurderast fortløpande.
  • Prosjektgåve er for større, meir avgrensa prosjekt med klar tidsramme og krev meir grundig søknad og vurdering. Frå 50 000 kroner og oppover. Søknadsfrist 15. mars og 15. september. 

Prosjektgåver er større bidrag som går til utvikling, investering eller etablering av nye tilbod, og ikkje til ordinær drift. Prosjektet skal ha ein klar plan for gjennomføring og skape varig verdi for målgruppa eller lokalsamfunnet. Typiske døme på prosjektgåver kan vere:

  • Oppgradering eller bygging av anlegg og møteplassar
  • Etablering av nye aktivitetstilbod for barn og unge
  • Investering i større utstyr eller infrastruktur
  • Utviklingsprosjekt innan kultur, idrett, frivillig arbeid eller nærmiljø

Breiddegåver er økonomisk støtte til lag og foreiningar som driv allmennyttig verksemd. Målet er å styrkje frivillig aktivitet, lokal deltaking og engasjerte lokalsamfunn. Midlane kan nyttast til dagleg drift, vedlikehald av utstyr, leige av lokale, innkjøp av nødvendig utstyr og andre kostnader som sikrar aktivitet. Det kan òg gå til støtte til arrangement, kulturtiltak samt miljø- og helsefremjande aktivitetar. Det kan tildelast maksimalt kr 50 000 per lag eller foreining per år.

Forklar kvifor prosjektet er viktig, kven det vil kome til gode, og kva verdi det skaper for lokalsamfunnet. Jo tydelegare de klarer å beskrive samfunnsnytta og resultata av prosjektet, desto betre grunnlag får vi for å vurdere søknaden. I vurderinga av søknader legg vi særleg vekt på følgjande:

  • At tiltaket eller prosjektet har langsiktig verdi og skaper varige resultat.
  • At prosjektet kjem mange til gode og har tydeleg allmennytte.
  • At prosjektet skaper engasjement, trivsel og gode opplevingar.
  • At tiltaket stimulerer til aktivitet og deltaking.
  • At prosjektet er tufta på frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt engasjement.
  • At prosjektet utløyser anna finansiering og bidrag frå fleire aktørar.
  • At tildelinga kan bidra til å realisere nye initiativ som styrkjer lokalsamfunnet, når breitt ut og har verdi over tid.
  • At prosjektet har ein realistisk plan for gjennomføring og finansiering.

Sparebankstiftinga vil berre unntaksvis fullfinansiere prosjekt. Vi oppmodar derfor til samarbeid, spleiselag og bruk av fleire finansieringskjelder. Finansieringsplan skal spesifiserast i søknaden.

Tips til finansiering og budsjett

Om budsjett

Du har fått støtte - kva skjer no?

Få oversikt

Prøv rettleiaren vår

Prøv vår quiz for å sjekke om du kan søkje om støtte!

Start rettleiaren