Tips og råd

Å søkje støtte kan verke overveldande. Vi har samla tips og råd som gir oversikt og kan hjelpe deg i gang. 

5 tips til ein god søknad

Tips til søknaden

Tips til finansiering og budsjett

Om budsjett

Du har fått støtte - kva skjer no?

Få oversikt

Ofte stilte spørsmål

Før du søkjer

Alle lag og foreiningar som:

  • har eige organisasjonsnummer
  • har eit ideelt føremål og driv allmennyttig aktivitet
  • har aktivitet på Søre Sunnmøre

Lag, foreiningar og frivillige organisasjonar på Søre Sunnmøre kan søkje om støtte til allmennyttige tiltak og prosjekt. Søre Sunnmøre er definert som Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven.

Søknadssystemet er knytt til Brønnøysundregistera. Organisasjonen må derfor ha eige organisasjonsnummer for å kunne sende inn søknad. Kontonummer må være knytt til organisasjonsnummeret. Dersom organisasjonen ikkje er registrert, kan du gjere det på Brønnøysundregistrene sin nettstad.

Ved utdelingar tek stiftinga først og fremst omsyn til det distriktet som bygde opp kapitalen til tidlegare SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Høyrer din organisasjon til i eit annet geografisk område, men prosjektet skal gjennomførast på Søre Sunnmøre, anbefaler vi at de tek kontakt med stiftinga for å drøfte prosjektet. 

  • Breiddegåve er for mindre aktivitet, ofte driftsretta behov med enkel og rask søknad. Normalt mellom 5 000–50 000 kroner. Har ikkje søknadsfrist og vurderast fortløpande.
  • Prosjektgåve er for større, meir avgrensa prosjekt med klar tidsramme og krev meir grundig søknad og vurdering. Frå 50 000 kroner og oppover. Søknadsfrist 15. mars og 15. september. 

Prosjektgåver er større bidrag som går til utvikling, investering eller etablering av nye tilbod, og ikkje til ordinær drift. Prosjektet skal ha ein klar plan for gjennomføring og skape varig verdi for målgruppa eller lokalsamfunnet. Typiske døme på prosjektgåver kan vere:

  • Oppgradering eller bygging av anlegg og møteplassar
  • Etablering av nye aktivitetstilbod for barn og unge
  • Investering i større utstyr eller infrastruktur
  • Utviklingsprosjekt innan kultur, idrett, frivillig arbeid eller nærmiljø

Breiddegåver er økonomisk støtte til lag og foreiningar som driv allmennyttig verksemd. Målet er å styrkje frivillig aktivitet, lokal deltaking og engasjerte lokalsamfunn. Midlane kan nyttast til dagleg drift, vedlikehald av utstyr, leige av lokale, innkjøp av nødvendig utstyr og andre kostnader som sikrar aktivitet. Det kan òg gå til støtte til arrangement, kulturtiltak samt miljø- og helsefremjande aktivitetar. Det kan tildelast maksimalt kr 50 000 per lag eller foreining per år.

Vi støttar tiltak og prosjekt innan følgjande område:

  • idrett og friluftsliv
  • kultur
  • samfunn og sosialt arbeid
  • klima og nærmiljø
  • kompetanse
  • folkehelse

Idrett og friluftsliv
Vi bidreg til betre folkehelse gjennom støtte til breiddeidrett, leik, fysisk aktivitet og friluftsliv. 

Kultur 
Vi støttar tiltak som bidreg til eit levande, inkluderande og mangfaldig kulturliv.

Samfunn og sosialt arbeid 
Vi støttar frivillig arbeid, inkludering og tiltak som gir born og unge moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar uavhengig av familieøkonomi.

Klima og nærmiljø 
Vi støttar tiltak som styrkjer nærmiljøet og kjem mange til gode.

Kompetanse og læring 
Vi støttar tiltak som fremjar entreprenørskap, skaparglede, læring og kunnskapsdeling, særleg blant born og unge.

Folkehelse 
Vi støttar prosjekt som fremjar helse, meistring og inkludering, og tiltak som legg til rette for deltaking for personar med særlege behov.

Forklar kvifor prosjektet er viktig, kven det vil kome til gode, og kva verdi det skaper for lokalsamfunnet. Jo tydelegare de klarer å beskrive samfunnsnytta og resultata av prosjektet, desto betre grunnlag får vi for å vurdere søknaden. I vurderinga av søknader legg vi særleg vekt på følgjande:

  • At tiltaket eller prosjektet har langsiktig verdi og skaper varige resultat.
  • At prosjektet kjem mange til gode og har tydeleg allmennytte.
  • At prosjektet skaper engasjement, trivsel og gode opplevingar.
  • At tiltaket stimulerer til aktivitet og deltaking.
  • At prosjektet er tufta på frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt engasjement.
  • At prosjektet utløyser anna finansiering og bidrag frå fleire aktørar.
  • At tildelinga kan bidra til å realisere nye initiativ som styrkjer lokalsamfunnet, når breitt ut og har verdi over tid.
  • At prosjektet har ein realistisk plan for gjennomføring og finansiering.

Sparebankstiftinga vil berre unntaksvis fullfinansiere prosjekt. Vi oppmodar derfor til samarbeid, spleiselag og bruk av fleire finansieringskjelder. Finansieringsplan skal spesifiserast i søknaden.

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir ikkje støtte til:

  • enkeltpersonar
  • tiltak eller prosjekt som i hovudsak tener private eller privatøkonomiske interesser
  • aksjeselskap og andre verksemder der eigarar kan ta ut utbyte
  • formål som naturleg høyrer inn under ordinær sponsing frå næringslivet
  • skuleturar og studiereiser
  • reiser og deltaking på turneringar, cupar og liknande for lag og foreiningar
  • ordinære driftskostnader som løn, husleige, straum og liknande
  • underskotsgarantiar for arrangement
  • prosjekt og tiltak som allereie er gjennomførte
  • forprosjekt og utgreiingar
  • forskottering av spelemidlar
  • partipolitiske organisasjonar, aktivitetar eller formål
  • forkynning
  • lag og foreiningar utan aktivitet på Søre Sunnmøre

Diverre. Vi gir ikkje gåver til kommersielle verksemder, ordinære AS, enkeltpersonføretak eller privatpersonar.

Ja, det er mogleg å søkje om gåvestøtte fleire gonger. Det er då føresett at søkjaren sjølv prioriterer mellom ulike prosjekt.

Ja, søknadsportalen er open heile tida. Breiddegåver blir behandla fortløpande gjennom året. Prosjektgåver har søknadsfrist 15. mars og 15. september og har 6-8 veker behandlingstid. 

Stiftinga fullfinansierer sjeldan. Vi gir normalt støtte på inntil 50 prosent av kostnadene ved eit prosjekt.

Nei. Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er ei sjølvstendig finansstifting med eige styre og eige formål.

Stiftinga blei oppretta som følgje av samanslåinga av Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN. Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er den største eigaren i SpareBank 1 SMN, og gåvemidlane som blir delte ut kjem i hovudsak frå utbytte frå eigarskapen i banken. Formålet med stiftinga er å forvalte desse verdiane til beste for lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre.

Det er også mogleg å søkje støtte direkte frå SpareBank 1 SMN gjennom banken sine eigne støtteordningar. 

Slik søkjer du

Søknader skal sendast elektronisk via vår søknadsportal. Prosjektgåver har søknadsfrist 15. mars og 15. september. Det er løpande søknadsfrist for breiddegåver.

Du treng berre å fylle ut opplysningane og laste opp dokumentasjonen som blir etterspurd i søknadsportalen. Søknader som oppfyller kriteriane blir normalt handsama innan om lag tre veker.

Ja. Alle søknader må sendast inn via vår søknadsportal. Du må logge inn med BankID for å opprette og sende inn søknad.

Du finn søknadsportalen her.

Vi behandlar ikkje søknader som blir sende på e-post eller i posten.

Du må lage eit realistisk budsjett for å søke. Hugs at budsjettet må både ha ei inntekts- og ei utgiftsside. Sjå våre tips om finansiering og budsjett. 

Har du tenkt å søke om 80- 100% av kostnadane for tiltaket? Då er det diverre stor risiko for at søknaden din vil bli avslått. Vi gjer nokre svært få unntak, men Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre ønsker primært å bidra inn i gode spleiselag der partane bidrar etter evne.

Vi oppmodar alle som søkjer støtte til å ta omsyn til berekraft og vurdere berekraftige løysingar i planlegging og gjennomføring av prosjektet.

I søknadsportalen ber vi om at de skildrar korleis prosjektet bidreg til eitt eller fleire av FN sine berekraftsmål. Dette inngår som ein del av den samla vurderinga av søknaden.

Etter du har søkt

Ja. Ei gåvetilsegn er gyldig i inntil to år frå tildelingsdato.

Prosjektet må vere gjennomført, og krav om utbetaling med nødvendig dokumentasjon på utlegg må vere sendt inn innan utløpet av fristen. Dersom fristen ikkje blir halden, fell gåvetilsegna bort.

Dersom prosjektet blir utsett utover fristen, må det sendast inn ein ny søknad som blir vurdert på nytt.

Ja. Alle som får prosjektstøtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, skal sende inn ein sluttrapport når prosjektet er gjennomført.

Rapporten skal dokumentere at prosjektet er gjennomført i samsvar med søknaden og føresetnadene for tildelinga. Dersom det har vore vesentlege endringar eller avvik, skal dette opplysast om i rapporten.

Ja. Vi oppmodar søkjarar til å undersøkje fleire finansieringskjelder. Mange prosjekt blir realiserte gjennom samarbeid og støtte frå fleire aktørar. Vi ser positivt på at prosjekt har fleire finansieringskjelder, og vi fullfinansierer berre unntaksvis større prosjekt. Dette kan bidra til å styrkje både gjennomføringa og det økonomiske grunnlaget for tiltaket. Sjå våre tips om finansiering og budsjett. 

Vi har forståing for at det kan vere ønskjeleg med ei grunngjeving ved avslag, særleg når det er lagt ned mykje arbeid i søknaden og de har stor tru på prosjektet. Styret gir likevel ikkje skriftlege, individuelle grunngjevingar for vedtaka sine. Dette kjem mellom anna av omsyn til kapasitet og behovet for å sikre ei effektiv og lik behandling av alle søknader.

Dersom de ønskjer rettleiing i samband med ein framtidig søknad, er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt med administrasjonen. Vi gir gjerne generelle råd om søknadsprosessen, kriteria og kva det kan vere lurt å leggje vekt på.

Nokre kan òg vere usikre på om søknaden har vore mangelfull, eller om innhaldet kan ha vorte misforstått. Alle søknader blir behandla individuelt og vurderte grundig opp mot gjeldande kriterium og tilgjengelege midlar. Dersom vi har behov for ytterlegare informasjon for å kunne gjere ei forsvarleg vurdering, tek vi alltid kontakt med søkjaren før vedtak blir fatta. De kan difor vere trygge på at nødvendige opplysningar blir innhenta, og at avgjerdene byggjer på eit heilskapleg og godt vurderingsgrunnlag

Stiftinga forventar at de bidreg med dugandsinnsats. Støtta frå oss skal ikkje erstatte denne innsatsen. Eigeninnsats og dugnadsarbeid er minst like verdifulle som økonomiske bidrag, og viser engasjement og eigarskap til prosjektet.

Gratulerer! Då skal e-posten som var brukt til å sende inn søknaden ha motteke eit gåvebrev med tildelt beløp og vilkår. Gåva gjeld i to år frå du har fått tildelt midlar. All rapportering, dialog og utbetaling skjer gjennom søknadsportalen.  

Prøv rettleiaren vår

Prøv vår quiz for å sjekke om du kan søkje om støtte!

Start rettleiaren

Saman skapar vi engasjerte lokalsamfunn

Om stiftinga

Kva er forskjellen på gåve og spons?

Den viktigaste forskjellen mellom spons og gåver er gjenytinga.

Om gåvemidlar