Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre vart etablert i 2023 i samband med samanslåinga mellom SpareBank 1 Søre Sunnmøre og SpareBank 1 SMN.
I dag er stiftinga eigar i SpareBank 1 SMN. Sparebankstiftinga forvaltar verdiar som er bygde opp gjennom 172 år med sparebankverksemd på Søre Sunnmøre.
Utbyttet frå eigarskapet gir vi tilbake til lokalsamfunna gjennom støtte til allmennyttige prosjekt og tiltak. Slik fører vi vidare sparebanktradisjonen med å skape verdiar lokalt og gi verdiar tilbake til fellesskapet.
Verdiane er skapte gjennom personkundar, næringsliv og lokalsamfunn som gjennom generasjonar har bidrege med sparing, låneopptak, verdiskaping og samfunnsutvikling i regionen.
Gåvemidlane blir fordelte mellom kommunane på Søre Sunnmøre etter vedtekne fordelingsprinsipp som tek omsyn til kvar verdiane er bygde opp gjennom sparebankverksemda. Utdelingane går til Volda, Ørsta, Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven.
Openheit er ein grunnleggjande verdi i stiftinga sitt arbeid. Stiftinga skal praktisere openheit om verksemda si og offentleggjere tildelingar av gåvemidlar.
Stiftinga skal vere sjølvstendig, truverdig og etterretteleg, og sikre at tildelingar og disposisjonar skjer på grunnlag av saklege og objektive vurderingar i tråd med føremålet.
Alle som utfører verv eller oppgåver for stiftinga skal opptre i samsvar med gjeldande lover, vedtekter og etiske retningslinjer i instruksar.
Saman skapar vi engasjerte lokalsamfunn
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre ønskjer å utløyse skaparkraft, skape engasjement og vere ein pådrivar for utvikling i lokalsamfunna på Søre Sunnmøre.
Gjennom støtte til allmennyttige formål skal vi bidra til aktivitet, samarbeid og fellesskap. Målet er å styrkje engasjement, aktivitet, fellesskap og utvikling, slik at Søre Sunnmøre framleis skal vere ein god stad å bu og verke.
Nær, engasjert, ansvarleg og langsiktig
Verdiane våre skal liggje til grunn for alt vi gjer og bidra til at vi skapar positive ringverknader i lokalsamfunna.
- Nær: Vi er til stades og kjenner behova i lokalsamfunna våre.
- Engasjert: Vi løftar fram gode initiativ og bidreg til samarbeid som styrkjer lokalsamfunna.
- Ansvarleg: Vi forvaltar verdiane med omtanke og ansvar på vegner av fellesskapet.
- Langsiktig: Vi investerer i menneske, fellesskap og lokalsamfunn til beste for dagens og framtidige generasjonar.
Malene Romestrand
Generalforsamlinga skal sjå til at stiftinga blir styrt i tråd med vedtektene og føremålet sitt. Ho skal også sikre at områda som opphavleg bygde opp verdiane i banken, er representerte i samsvar med vedtektene.
Gjennom generalforsamlinga får lokalsamfunna ei stemme i styringa av stiftinga.
Frå Volda:
- Odd Martin Lindvik Velsvik, Volda 2023-2027
- Kathrine Skarseth, Volda 2025-2029
- Rune Heggedal (nestleiar), Volda 2025-2029
Frå Ørsta:
- Hans Olav Myklebust (leiar), Vartdal 2023-2027
- Vivian Ose Flø, Ørsta 2023-2027
- Kim Thorup, Ørsta, 2025-2029
Frå Ytre:
- Kjersti Kleven, Ulsteinvik 2023-2027
- Richard Gjerde, Herøy 2025-2029
- Svein Arne Orvik, Ulsteinvik 2025-2029
- Camilla Elin Dahl Humberset, Volda 2023-2027
- Marie Austerheim Riise, Ørsta 2025-2029
- Tone Nørvåg, Herøy 2026-2029
- Stine Goksøyr, Herøy 2026-2028
- Hans-Børre Fiskaa, Ulsteinvik 2025-2027
- Kristin Indresøvde, Volda 2025-2027
- Sindre Borge Skurtveit, Ørsta 2026-2028
Dei avgjer kva prosjekt som får gåver, set retning for arbeidet og ser til at stiftinga blir driven i tråd med vedtektene og føremålet sitt.
Styret skal også forvalte verdiane på ein ansvarleg og langsiktig måte, slik at dei kan kome lokalsamfunna til gode i generasjonar framover.
Valkomiteen finn gode kandidatar til styret og nominerer kandidatar til generalforsamlinga. Det er kundane til banken på Søre Sunnmøre som vel medlemmane i generalforsamlinga, medan generalforsamlinga vel styret.
Alle kan nominere kandidatar til generalforsamlinga i valår.
Valkomiteen ser etter personar med relevant kompetanse, erfaring og god lokal forankring. Slik bidreg dei til at stiftinga blir leia av menneske som kjenner Søre Sunnmøre godt og kan forvalte stiftinga sitt føremål på ein god måte.
Medlemmar
- Odd Martin Velsvik (leiar), Volda 2023-2027
- Vivian Ose Flø, Ørsta 2023-2027
- Richard Gjerde, Herøy 2025-2029
Varamedlemmar
- Kathrine Skarseth, Volda 2025-2029
- Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre skal vere ein langsiktig og stabil eigar i SpareBank 1 SMN
- Eigarskapen i SpareBank 1 SMN er grunnlaget for stiftinga sitt samfunnsoppdrag. Gjennom eigarskapen forvaltar stiftinga dei eigenkapitalbevisa som vart tilført ved etableringa i 2023, og skal utøve eit langsiktig og stabilt eigarskap i banken.
- Stiftinga skal gjennom eigarskapen medverke til å vidareføre sparebanktradisjonane og sikre eit godt regionalt forankra sparebanktilbod på Søre Sunnmøre.
Gjennom eit langsiktig eigarskap i SpareBank 1 SMN og ei breitt samansett finansportefølje byggjer Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre verdiar som kjem lokalsamfunna til gode.
Stiftinga eig 10 471 224 eigenkapitalbevis i SpareBank 1 SMN, tilsvarande 7,29 % av banken. I tillegg forvaltar vi ein diversifisert finansportefølje med investeringar i aksjar 60%, obligasjonar 30% og pengemarknaden 10% i både norske og globale marknader.
Målet er enkelt: å forvalte kapitalen ansvarleg og langsiktig, slik at vi kan skape varige moglegheiter og dele ut gåvemidlar til gode tiltak på Søre Sunnmøre, både i dag og i framtida.