Den 30. september var det opning av den nye skytebana til Hovdebygda og Ørsta skyttarlag.
– Dette er ein stor dag for oss. Vi har lagt ned svært mykje arbeid for å få dette på plass, sa leiar Trond Petter Lystad under opninga.
Laget hadde eit fungerande anlegg i det gamle kulturhuset i Ørsta. Då det vart vedteke at bygget skulle rivast, stod skyttarane utan stad å trene.
Løysinga vart å kjøpe eit nytt lokale. Ørsta kommune, bankar og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har vore viktige bidragsytarar i spleiselaget.
Resten har medlemmene ordna sjølve. Dei har lagt ned store mengder dugnad, både tidleg og seint.
Har laget dykkar ein god idé? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.