– I dag klarte eg araber flikkflakk backflip. Då fekk eg ei glad kjensle. Eg blei litt overraska, fortel Agnes Øie.
Ho er ein av mange som trenar turn i Ørsta. No har dei fått ein ny turnhall å trene i.
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har gitt pengar til den nye hallen. Stiftinga har òg støtta nytt utstyr.
For Agnes handlar turn om meir enn triks.
– Det eg likar aller best med turn, er å få vere med vennar og få til nye ting, seier ho.
– Når vi får til nye ting, blir vi alle veldig glade og klappar for kvarandre.
Sjå filmen og bli med på trening i Ørsta turn.
Har laget dykkar ein god idé? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.