Folkefest då Karsten Warholm stadion opna i Ulsteinvik

Karsten Warholm på stadion i Ulsteinvik.
Foto: Arnt-Jarle Johansen. 

Ulsteinvik har fått ein ny stadion for friidrett. – Vi er stolte av vere med å støtte denne flotte møteplassen, seier Arne Lothe i Sparebankstiftinga.

I september opna Karsten Warholm stadion i Ulsteinvik. Den nye friidrettsarenaen er bygd med stor dugnadsinnsats, og opninga vart ein skikkeleg folkefest.

Ulsteinvik har fått ein ny stadion for friidrett. I september 2026 var det offisiell opning, og mange møtte opp for å feire.

Stadionen er ein møteplass for idrettsglede og fellesskap. Her er det plass til alle. Nokon tek ein kveldsjogg, andre trenar for å nå toppen.

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er med i spleiselaget bak stadionen.

– Vi er stolte av vere med å støtte denne flotte møteplassen. Men det er dei frivillige som har gjort det mogleg. Dei har lagt ned mange timar med dugnad for at Ulsteinvik skulle få ein ny arena, fortel Arne Lothe, dagleg leiar i Sparebankstiftinga.

Stor takk og gratulerer til alle som har vore med.

Har laget dykkar ein god idé eller prosjekt? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.