Hovdebygda har fått sin eigen boltreplass

Karsten Warholm på stadion i Ulsteinvik.

Etter fleire år med dugnad har Hovdebygda fått eit felles samlingspunkt, med plass til både leik og organisert idrett.

I september 2026 fekk vi feire resultatet av ein flott boltreplass til glede for store og små! 

Før måtte borna i Hovdebygda ta turen ned til Ørsta sentrum for å leike i ein aktivitetspark. Det slepp dei no. Her er det bane for fotball og volleyball, leikeapparat og klatrestativ og hesteskobane. Store og små kan boltre seg, eller berre møtast og vere saman.

Parken er eit resultat av mange dugnadstimar og stort engasjement i Hovdebygda fotballgruppe. Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har støtta fleire delar av prosjektet.

Gratulerer til fotballgruppa og alle som har stått på for å få dette til.

Har laget dykkar ein god idé eller prosjekt? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.