– Det beste er å få spele med andre folk, seier Iver S. Sandbak.
Favorittspelet hans er Roblox. No kan han spele det saman med andre, i eit klubbhus midt i Volda sentrum.
Klubbhuset er ein trygg og sosial samlingsstad for e-sport. Her møtest folk med same interesse. Dei spelar saman, lærer av kvarandre og blir kjende.
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har støtta klubbhuset. Pengane har gått til lokale og nye maskinar.
Sjå filmen og møt Iver og dei andre i klubbhuset.
Har laget dykkar ein god idé? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.