Hos BUA kan alle låne gratis utstyr til aktivitet og friluftsliv. Tilbodet finst i seks kommunar på Søre Sunnmøre .BUA har utlån i Ørsta, Volda, Herøy, Hareid, Hornindal og Vanylven. Her kan du låne syklar, utstyr til vassport, ski og mykje meir. Alt er gratis.
Skateboardet til Caspian Spiro er øydelagt. Men det stoppar han ikkje.
– Det er ganske greitt å få låne skateboard her, for det eg har heime er øydelagt, fortel han.
For å låne opprettar du ein låneprofil i BUA-appen. Du kan òg stikke innom ei betjent avdeling.
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har støtta BUA.
– Støtta frå Sparebankstiftinga betyr alt for å ha eit riktig tilbod av utstyr til befolkninga, seier Britt Paulsen, fagleiar i BUA Herøy.
Har laget dykkar ein god idé? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.