Frå Herøy biljardklubb til europameister

For europameisteren har nærleiken til klubben vore avgjerande.

– Når eg legg meg ned og støttar meg på bordet, er det berre meg og kulene. Eg tenkjer ikkje på noko anna.

Robin Hauge Pettersen er europameister i biljard. Det heile starta i Herøy biljardklubb. Robin har trent mykje for å kome dit han er i dag.

– For å prestere på toppnivå er det utal timar som ligg bak, fortel han.

Mange av dei timane har han brukt i Herøy biljardklubb. For Robin har det vore avgjerande å ha ein klubb i nærleiken.

– Utan Herøy biljardklubb hadde eg aldri starta å spele biljard.

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har gitt biljardbord til klubben.

Sjå filmen og møt Robin ved bordet i Herøy biljardklubb.

Har laget dykkar ein god idé eller prosjekt? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.