Frå sommarfuglar i magen til adrenalinkick på scena

Ballettskulen set opp eigne show kvart år, og for elevane betyr det mykje.

På dei årlege ballettshowa til Ørsta Volda Ballettskule får elevane vise fram det dei har øvd på, og kjenne på spenninga ved å stå på ei ekte scene.

Emilie Søvik Bjørneset kjenner nervane før ho skal på.

– Før eg går på scena, gløymer eg heilt kva eg skal gjere, fortel ho.

– Og så plutseleg står du på scena, og så har det berre skjedd, og du har eit ekstremt adrenalinkick. Det er ei veldig deilig kjensle.

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har støtta ballettshowa til ballettskulen. For elevane betyr showa mykje.

– Hadde det ikkje vore for Sparebankstiftinga, hadde vi ikkje hatt desse fine ballettshowa og fått vise kva vi har gjort på ballettskulen, seier Anna Nerland Halkjelsvik. 

Sjå filmen og bli med på ballettskulen på trening i Ørsta. 

Har laget dykkar ein god idé eller prosjekt? Les meir om korleis de kan søkje om støtte.