Velkomen til den nye nettsida vår!

Du er no på den nye nettsida til Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Vi håpar sida gjer det endå enklare å finne god informasjon om korleis du søkjer støtte. Her finn du guidar, tips og triks, og inspirasjon frå dei vi har støtta.

Sida du er inne på no, er den nye nettsida vår, lansert i november 2026. Her skal det vere endå enklare å finne god informasjon om korleis du søkjer støtte. Du finn guidar, tips og triks, oversikt over kven vi har gitt midlar til, og du kan få inspirasjon frå lag og prosjekt vi har støtta.

Dette er nytt på nettsida:

  1. Enklare å søkje
    Vi har rydda og forenkla søknadsinfoen. Vi har laga quiz, og integrert ein KI-assistent du kan bruke for å sjekke om du kan få støtte. Du ser fort kva gåve som passar for laget ditt. Prosjektgåve er for beløp over 50 000 kroner, med frist 15. mars og 15. september. Breiddegåve er for beløp frå 5 000 til 30 000 kroner, og du kan søkje heile året.
  2. Guidar og tips
    Søknadsguidane våre hjelper deg steg for steg. Dei er laga for frivillige som ikkje skriv søknader kvar dag. Her finn du også mange ofte stilte spørsmål og svar.
  3. Sjå kven som har fått støtte
    I tildelingsoversikta ser du kva lag og prosjekt som har fått gåver. Sidan 2023 har vi delt ut om lag 160 millionar kroner til lokalsamfunna på Søre Sunnmøre. Du kan også lese historier og blir inspirert av andre vi har støtta. 

 

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Noko du saknar eller ikkje forstår? Send gjerne tilbakemelding på e-post på post@sparebankstiftingass.no! 

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre

Postadresse

Kyrkjegata 13
6100 Volda

Org. nr.

931 297 864

Vi har ikkje faste opningstider for besøk. Ta kontakt dersom de ønskjer eit møte, så avtaler vi tidspunkt som passar.

Prøv rettleiaren vår

Prøv vår quiz for å sjekke om du kan søkje om støtte!

Start rettleiaren