Vi lanserer heiderspris for frivillige eldsjeler – første Bakkepris går til Øystein Bakke
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre opprettar Bakkeprisen, ein årleg pris for særleg og samfunnsbyggjande frivillig innsats. Den første prisen går til Øystein Bakke etter hans død. Familien hans tok imot prisen under gåveutdelinga til stiftinga 10. november i Aasentunet.
Bakkeprisen er inspirert av Øystein Bakke og den langvarige frivillige innsatsen og dugnadsånda han representerte. Bakkeprisen skal løfte fram personar og grupper som over tid har gjort ein særleg innsats for fellesskapet på Søre Sunnmøre, også når innsatsen skjer i det stille.
– Øystein var ein mann som gjennom eit heilt liv viste oss kva dugnadsånd eigentleg betyr. Han som sa ja når andre tenkte at nokon burde gjere jobben. Han som stod på parkeringsplassen på Reset ein vinterkveld. Han som stilte som vakt, som fanebærar, dommar og radiomann, fortel Atle Vasbotn Remmereit, nestleiar i styret i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Søstrene til Øystein Bakke, Toril Bakke og Runa Bakke, tok imot prisen på vegner av Øystein.
Bakkeprisen omfattar ei gåve på 100 000 kroner til eitt eller fleire frivillige eller allmennyttige formål. Familien til Øystein har valt i gi VTI Fotball, Volda skisenter og Bygderadioen 30.000 kroner kvar, og Volda handball 10.000 kroner.
Prisen vart delt ut ved gåveutdelinga på Aasentunet i Hovdebygda 10. november 2026, og skal delast ut av stiftinga.
Høgthengande pris
Bakkeprisen vil vere ein pris som skal henge høgt.
– Vi vil heidre dei som over lang tid gir av seg sjølve. Menneske som skaper aktivitet, inkludering, tryggleik og samhald, og som gjer lokalsamfunna våre varmare og sterkare, seier Arne Lothe, dagleg leiar i Sparebankstiftinga.
Får 100 000 kroner til eit allmennyttig formål
Bakkeprisen omfattar ei gåve på 100 000 kroner til eitt eller fleire frivillige eller allmennyttige formål som prismottakaren peikar ut. Pengegåva går ikkje til prismottakaren privat.
Kriterium for Bakkeprisen
Ved vurderinga av framtidige kandidatar, vil Sparebankstiftinga legge vekt på følgande kriterium:
Langvarig og omfattande innsats
Rettleiande ca. 10 år, men ikkje absolutt krav
Stabilitet og ansvar over tid
Har stått i det – ikkje ein enkeltståande innsats
Eige initiativ
Ser behov og handlar utan å bli spurd
Går utover eigne interesser
Bidreg utover eigne barn sine aktivitetar / eigen klubb
Skaper fellesskap
Bidreg til aktivitet, inkludering eller tryggleik for andre
Senkar terskelen for andre
Gjer det lettare for andre å delta og bidra
Dugnadsånd
Openbert utan tanke på eiga vinning. Ikkje-kommersiell
Atle Vasbotn Remmereit, nestleiar i styret til Sparebankstiftinga, delte ut den nye heidersprisen.