Til saman 227 søknadar innvilga i år
I 2026 har stiftinga til saman fått inn 315 søknadar til prosjektgåver, og 227 av dei vart innvilga.
I vurderingane av årets søknadar har stiftinga lagt særleg vekt på tiltak som kjem mange til gode, utløyser lokal innsats og dugnad, gir synergiar på tvers av organisasjonar, sikrar geografisk spreiing og skapar verdiar som varer over tid.
– Det er dei frivillige som får ting til å skje i lokalsamfunna våre. Vi skal ikkje erstatte dugnaden, men forsterke han. Målet vårt er å støtte prosjekt som kjem mange til gode, utløyser lokal innsats og skapar aktivitet og verdiar som varer lenge etter at gåva er brukt opp, seier dagleg leiar Arne Lothe.
Erfaringar frå tidlegare tildelingar viser at også små initiativ og prosjekt skapar mykje aktivitet og glede. Stiftinga vil difor halde fram med å støtte både store investeringar og mindre lokale initiativ gjennom å dele ut breiddegåver gjennom heile året. Frist for prosjektgåver er 15. mars og 15. september.
Ønskjer fleire gode prosjekt
– Vi ynskjer fleire gode søknadar og vil gjerne høyre frå fleire. Gjerne frå lag og foreiningar som aldri har søkt før. Det er enkelt å søkje, og ingen idé er for liten. Treng de mindre enn 50 000 kroner, treng de ikkje vente på fristane, seier Lothe.
Lanserte Bakkeprisen
Under arrangementet lanserte vi også Bakkeprisen, ein årleg pris for særleg og samfunnsbyggjande frivillig innsats. Den første prisen gjekk til Øystein Bakke etter hans død. Familien hans tok imot prisen under gåveutdelinga til stiftinga 10. november i Aasentunet. Les saka.